lørdag 8. januar 2011

Torsdag 13. dag jul - ikkje ein god dag å vere pepperkake på

Så var han her igjen: 13. dag jul. Dagen da vi feirar Jesu fødsel med lidskaplig vandalisme i miniatyr. Pepperkakehuset må dø.

Ei lang rekke av pepperkakehus har gått forut for årets: Det har vore hus, låvar, Rapunzel-tårn og, i fjor, ein westernby komplett med éi gate, barbersalong og mexican standoff. I år blei det fyrtårn. Fyrvoktarbolig måtte vi så klart også ha, pluss usannsynlig mange seigmann-nissar og dessutan eit fiskehjell bygga av saltstenger og melis.


Det første slaget var som vanlig frå søstra mi, og ho plasserte det svært bestemt og med overraskande presisjon rett på det svakaste punktet til fyrtårnet. Sjølve tårnet blei ganske enkelt skrella laus frå fundamentet. Cheerios, nonstop, pepperkake og sukkerglas flaug veggimellom.


Deretter gjekk det så klart berre nedover. Det bekymrar meg stadig litt at vi fann ein heil haug med seignissar rett innanfor døra på det fallande huset. To idiotar stod i døra og keik ut, sånn at einaste utveg ut frå det dødsdømde huset var sperra for resten av stakkarane.


Eg meiner, eg var arkitekten bak ulykkesbygningen. Alt dette var på sett og vis mi skyld. Korfor hadde huset ingen nødutgangar? Det var tragisk å finne ein seignisse i pipa blant vrakgodset. Eit fåfengt forsøk på å klatre ut av pepparkapolypsen (oida: eg meinte så klart pepperkalypsen). Minst tjue stykk strauk med; vi er ikkje sikre på det nøyaktige talet, for vi åt dei opp før vi rakk å telje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar