Eg har innsett at eg har ein superevne.
Eg kan ikkje fly. Skuff. Eg kan ikkje puste under vatn. Skuff. Eg kan ikkje imitere jaktmetodane til insektetande åttefotingar, iallfall ikkje på ein måte som imponerer noen. Megaskuff. Eg kan heller ikkje lese ei bok berre ved å bla superfort gjennom ho. Viss noen veit kor ein lærer det, så fortel meg det; eg slit for tida med historiepensumet.
Nei, eg har ein annan superevne.
Ein superevne du aldri ville førestilt deg.
Gjør dei neste bokstavane hakkete og skjebnesvangre for ditt indre auge:
Eg - kan - sanse - merkelig - setningsoppbygging.
Ja, du las rett.
Eg oppdaga det heilt tilfeldig på bussen i dag. Det slo meg brått at skiltet. SKILTET PÅ VINDAUGSRUTA. Hadde ein litt bisarr språklig inkonsekvens:
Trekk nødhammer ut av holder
Slå hammerspissen mot vinduet
Trykk det ødelagte vinduet ut
Hm. Ubestemt form av substantiv, ubestemt form av substantiv. Bestemt form av substantiv, bestemt form av substantiv. Bestemt form av substantiv. Hm. Korfor denne inkonsekvensen? Står SpECRTE bak dette, kanskje? Fort, til syntaksmobilen!
Det er kanskje ikkje den nyttigaste superevna, men ho får da tida til å gå. Skiltet egna seg ypparlig til ein bokmåls-haiku:

Viss noen er tilstrekkelig gira, startar vi kanskje ei facebook-gruppe for å få dette diktet i alle bokmålsbussar.Ta nødhammerenSlå hammerspiss mot vinduTrykk vinduet ut
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar