Britar er visstnok flinke til å stå i kø. Jamfør Haikerens guide til galaksen.
Kinesarar er visstnok ikkje flinke til å stå i kø. To norske sportsjournalistar som var i landet under OL i Beijing rapporterte at rundt billettlukene var det ingen køar, berre ein masande, trykkande menneskegraut. Den aksepterte måten å komme fram til billettluka fort på, var å ta rennfart frå ca. ti meter unna. Den einaste grunnen til at desse to, i samanlikning litt tafatte, nordmennene i det heile tatt overlevde, var at dei var ca. 20 cm høgare enn alle dei målmedvitne kinesarane rundt seg.
(Dette er eigentlig litt rart. Kinesarane er jo kommunistar. Det mest karakteristiske for kommuniststaten Sovjet var kanskje nettopp køane, som strekte seg ut på gata frå butikkar overalt. Russarane må ha blitt veldig dyktige køståarar i løpet av kommunisttida. Det er derfor russiske pensjonistar som framleis bur i fellesblokk står opp og står i kø i søvne i korridorane om natta. Dette igjen fører til at unge menn som i seine netter uforvarande dumpar over dei sovande køståarane trur at hjernen deira har blitt forvandla til Salvador Dali, og det er grunnen til at dei tidlig får så store alkoholproblem.)
Vi Nordmenn er kanskje sånn passe når det gjeld køar. Det er ikkje det at vi er aggressive eller spesielt frekke når det gjeld å stå i kø - vi har berre ein heilt elendig kultur. Det er jo ingen som har lært oss korleis ein skal stå i kø! Vi kjem rett frå fjøsen, vi! Kyrne var i fleire hundre år vårt einaste kø-forbilde!
... og ganske sikkert sauane, for noen nordmenn oppfører seg sånn når dei står i kø...
Men Storbritannia! Køanes paradis. Der kan dei køar.
Og på T-banen i London har dei såleis tofelts rulletrapper.
Ja, du hørte riktig.
STAND ON THE RIGHT, WALK ON THE LEFT
stod det på eit skilt ved rulletrappene da vi besøkte dei. (Teknisk sett besøkte vi byen London, ikkje T-bane-rulletrappene. Uansett.) Pent på rad oppover på høgresida stod tukke og tynne, høge og låge britar i alle fargar og kroppslukter. Og som ein vind av effektivitet, karriere, hastverk, fleirbarnsmorskap og berre såvidt nok tid til å rekke neste tog flaug andre britar, i eit tilsvarande, om enn litt slankare, utval, opp og ned Undergrunnens himmelstigar. Dei britane som går i rulletrapper, går nemlig av seg plumpuddigen allereie før nyttår.
I Noreg trur vi derimot at vi kan vere vennar i rulletrappa. At vi kan stå to stykk, kinn mot kinn, på eitt rulletrappetrinn, og dermed effektivt sperre vegen for ein kvar som faktisk prøver å gå i rulletrappa. I motsetning til kva ein skulle tru, er dette ikkje utslag av noen slags jantelov - "du skal ikkje tru du kan vere misfornøgd med snegletempoet til rulletrappa. Du skal ikkje tru du kan bruke kortare tid i ho enn oss" - men som sagt berre eit resultat av at ingen noen gong har lært oss at ting glir mykje lettare viss vi tenker oss om før vi plasserer skrotten på trappetrinnet.
Problemet her i Tromsø er at vi berre har veldig korte rulletrapper. Vi er så høgt oppe under Nordpolen at vi ikkje kan bygge dei lengre enn maks fem meter utan fare for å støyte borti Polarstjerna. Kvar gong eg prøver å påpeike for noen sosiale slampar framfor meg i trappa at ein skal
STÅ TIL HØGRE, GÅ TIL VENSTRE
så er vi på toppen av rulletrappa før eg har fått merksemda deira. Og da blir ting liksom berre litt... pinlige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar