tirsdag 18. januar 2011

Gran-bark

Visste du at ein kan ete bark?
Mange menneske er ikkje klar over at dei jamlig et bark. Bark er ikkje menneskeføde, tenker dei, det er det berre elg og hare som et. Vel, feil. Kanel er jo bark, trass alt.
Men visste du at ein kan ete gran-bark?
Eg var litt i tvil sjølv da eg fekk høre dette. Så kva anna kan ein gjøre da enn å prøve?
Slik går du fram: Først finn du ei gran. No i desse tider ligg det ein masse juletre rundtom; dei er flotte å bruke til slike eksperiment, så på veg heim frå førelesing lista eg meg bort til eit hus i nabolaget vårt der juletreet låg i snøen, nådelaust kasta ut frå høgtidshuset da trettendagen kom (trettendagen er ikkje noen god dag for juletre heller).
Men er det ikkje pinlig å gå bort til søpla til folk og ta ho med seg? seier du. Så klart streifa tanken meg. Men trass alt var det jo midt på dagen, folk var på jobb og eg hadde ikkje sett ei levande sjel på ti minutt. Så eg kasta eit blikk over skuldra og begynte å skrelle av den appelsinskallaktige barken nedst på stammen. Han losna i små flisaktige bitar som minna litt om... vel, om bark. Eg prøvde å ikkje la meg distrahere av bilen som akkurat da kom kjørande rundt svingen. Det beste i sånne situasjonar (og med det meiner eg situasjonar der du uinvitert står i noen andres hage og dissekerer søpla deira) er å late som om du er blind, døv og stum. Da vil folk som regel oversjå deg. Med mindre dei stoppar og parkerer utanfor huset, fordi det er deira hus, og også deira kasserte juletre.
Å jo.
Det er mange strategiar å velgje mellom i ein sånn situasjon (og med det meiner eg ein situasjon der du står uinvitert i noen andres hage og dissekerer søpla deira idet dei kjem heim, og dei blir ståande og glo på deg). Her er eit utval.
  1. Du kan, enten med eller uten verdigheit, forlate åstaden.
  2. Du kan unnskylde deg, og late som om du trudde du var invitert, eller som om du trudde det var din eigen hage.
  3. Du kan hevde at du har ein sjukdom som forklarer det heile
  4. Du kan helse pent og halde fram med å plukke søpla deira i bitar.
Eg gjekk for den siste. Samtalen flaut dermed naturlig heilt til dei heimvendte hadde forsvunne inn i huset. Da talde eg til tretti, berre for å forsikre meg om at dei, viss dei (slik eg mistenkte) heldt auge med meg frå vindauget, ville få inntrykk av at eg framleis var fatta og rolig og at dei slik ville få følelsen av at eg faktisk hadde all rett til å stå i hagen deira og skjende juletreet. Så gjekk eg heim. Kanskje eg sprang berre litt.
Vel heime skrellar du den brune ytterbarken av dei små, kvite og brune granbitane du har rive av naboanes juletre, med ein fileteringskniv. Så kokar du dei til dei er møre.
"Mør" er her eit problematisk omgrep. Barken er jo i utgangspunktet litt som gummi, men viss du prøver å ete han, er det faktisk akkurat som å ete litt seige trespon. Derfor kom eg fram til at den riktige koketida var "lenge". Etter femten minutt hadde dei små kvite bitane nådd ein konsistens som minna mest om, vel, litt seige trespon. Dessutan hadde vatnet i gryta blitt til ein boblande, brunraud graut som eg sikkert kunne ha selt til duftlysfreaks som "eterisk olje".
Fleire vatnpåfyll og tjue minutt seinare var barken etande. Vatnet han hadde kokt i var raudt, raudt, raudt, og det er jo fascinerande. Enda meir fascinerande er det at barken, sjølv om han no altså kunne tyggast og svelgjast, framleis smakte som seige trespon, i kombinasjon med, tja, møbellakk, trur eg vi seier.
Så: Myth Confirmed. Gran-bark kan etast.
Men det er ikkje eigentlig å anbefale.

1 kommentar:

  1. Med barkebiller smaker det bedre. Uten biller er det som å spise poteter uten kjøttkaker.

    SvarSlett