lørdag 8. januar 2011

Nedslåande for Nord-Korea

Vi er tilbake med fleire dårlige nyheiter for Nord-Korea.
I tillegg til at min bror har avslørt statshemmeligheita deira, har eg sjølv funne sterke indisium for at Noregs ordbokforfattarar ikkje har særlig mykje til overs for det vesle asiatiske landet med det gøyale ganglaget. Sjå berre her:

  1. Nord-Korea er ikkje eit oppslagsord i verken Bokmåls- eller Nynorskordboka.
  2. Av 163 treff i eit fritekstsøk på "Nord-Korea" i Bokmåls- og Nynorskordboka på nett, er det første treffet "ad undas". Sjekk sjølv:
http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=nord-korea&ordbok=begge

1 kommentar: